Ein ekte skips-Kleven let seg aldri heilt pensjonere. I alle fall er det uråd å parkere interessa og gløden - når endå eit nybygg skal på sjøen, synte Magnar Kleven med sitt oppmøte ved hovudslippen til Kleven Verft seint søndag kveld.

Sjå bileta frå sjøsettinga over!

Og for eit nybygg! Framleis ståande på beddingen, ragar forskipet så høgt over betongen at ein fort kunne drage på seg nakkekink ved å feste blikket på brua der oppe.

– Ja, desse karane kan sine ting skal du vite, forsikrar veteranen. Og karane han siktar til, nokre om bord høgt der oppe, og 10-15 av den inste kjernen - som maurar med hjelm hektisk hastande langs skipsidene.

Spenning

Etter kvart er også fleire hundre tilkodarar på plass, ei sjøsetjing med slike dimensjonar er ikkje kvardags. Det har faktisk aldri skjedd før i skipsbyggjarbygda.

No svirrar også eit helikopter med filmteam tett over kaiområdet. Om publikum utan ansvar er spent, så kan ein berre ane spenningsnivået hos dei som no er i sluttminutta på eit lenge planlagt prosjekt.

Dette bør absolutt ikkje gå gale, og på kvar skipsside er marginane berre halvmeteren mellom skipsstål og landfast betong.

Les fleire næringslivssaker her

Månen

– No stoppa han opp, det er ikkje noko godt teikn, ropar ein forståsegpåar lågt.

Men så kjem han, kolossen. Og no skjem han fort! Kring ti knop vert farta tippa til, idet oljegiganten får kontraduppen i sjøen, som fortel at no er han for alltid i sitt rette element.

– Ei god sjøsetjing. Dette gjekk akkurat slik det skulle, oppsummer Magnar Kleven.

Blid og framleis nøktern. Han førtel om den førre beddingen som vart bygd ved bedrifta.

– Vi bygde han femten meter brei, og rekna med det ville halde for all framtid.

– Midt på nittitalet meir enn dobla vi, til 35 meters breidd. Som du ser, var det minimalt med klaring for å få denne giganten på sjøen, smiler han.

Den førebels namnlause båten vart hanka inn før han nådde Ulsteinvik. No skal han ligge ved Kleven-kaia for fullføring. Men det er venta at namnet vil starte med Viking, som søsterskipa.