På ferjer mellom to nynorskkommunar skal skilt og informasjonsopplesing om bord vere på nynorsk. Mållova er tydeleg på dette området, meiner Språkrådet. Sogn Avis var først med å melde dette.

Dersom Møre og Romsdal fylke kjem med eit pålegg, vil Norled endre sin praksis her i fylket, seier regionsjef Inge Andre Utåker i det Stavanger-baserte selskapet Norled.

Saka starta då Norsk Målungdom reagerte på bokmålsbruken om bord på ferjene på sambanda. Anda-Lote og Lavik-Oppedal.

I Møre og Romsdal har Norled ferjer på strekningane Hareid-Sulesund, Volda-Folkestad, Volda-Lauvstad, Årvika-Koparneset, Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya og Skjelten-Lepsøya-Haramsøya.

Statleg

– Språkrådet har svara: «Ferjene skal ha skilt og informasjonsopplesing på nynorsk». Vi ventar no at Norled, Fjord1 og dei andre ferjedriftarane fylgjer opp, seier Fredrik Hope i Norsk Målungdom i Sogn og Fjordane.

– Dei som driv ferjene i fylket forvaltar i røynda eit stateleg tilbod. Tydelege språkkrav og god oppfølging frå dei som lyser ut desse tilboda er viktig for at nynorskbrukarane sine språkrettar skal verte realisert, poengterer målungdomen.

Hurtigbåtar

På hurtigbåtar er ikkje reglane like strenge, ifølgje Hope.

– Språkrådet legg til grunn at dei same prinsippa skal gjelde for både ferjer og snøggbåtar, sjølv om Mållova ikkje gjeld på same måte for snøggbåtar. Her må nynorskfylka vere språkmedvitne når dei skriv anbodstekstar. Det vil gagne både nynorsken og nynorskbrukarane, seier Fredrik Hope.