Nam Cheong Group i Malaysia har torsdag utvida sine bestillingar av elektriske framdriftssystem frå STADT, melder selskapet i ei pressemelding.
I kontrakta ligg det heile 16 nybygg av typen AHTSV-skip.
- Dette betyr enormt mykje. Vi utvidar talet på tilsette heile tida. Og denne kontrakta betyr ein kraftig auke i aktiviteten, seier dagleg leiar Hallvard Slettevoll til Herøynytt.
Nam Cheong Group er ein av dei aller største aktørane i den maritime marknaden i Asia. Aldri før har Stadt fått ei så stor kontrakt, skriv avisa.
Vil bli verdsleiande
Ifølgje Slettevoll er målet å bli ein verdsleiande leverandør av elektriske framdriftssystem. Nyleg vart Stadt-teknologien kåra som vinnar av Offshore Support Journal sin Miljøpris i London, ifølgje Herøynytt.
- Det er kjekt at lille Gjerdsvika klarer å konkurrere i den internasjonale marknaden. Vi konkurrerer med til dømes General Electric som har enormt med ressursar til forsking og utvikling. Og vi har ikkje problem med å slå dei, seier Slettevoll.