– Her inne på Hellesylt er det vindstilt og uproblematisk, det er forholda langs kysten som gjer at to cruiseskip ikkje har kome i dag, seier Inge Hole i Stranda hamnevesen.

– Og det er ikkje kvart år at dette skjer, det er uhyre sjeldan, seier Hole til smp.no.

Hellesylt og Geiranger skulle hatt besøk av «MSC Musica» og «Horizon». Begge har valt å kansellere på grunn av mykje vind.

– Vi skulle ha ein liten cruisebåt i dag, «Berlin», den er no i staden i Sognefjorden, opplyser hamnevakta i Ålesund.

Også i Ålesund er det svært sjeldan at båtar ikkje kjem på grunn av vêret.

– Cruisebåtane er jo her i sommartida, seier hamnevakta.