Ein sauebonde i Haram har kontakta politiet med beskjed om at ein hund har drepe to lam og skadd ei drektig søye, melder Sunnmøre politidistrikt litt før klokka 09.30, tysdag.

- Vi har så vidt starta å nøste i saka, og veit førebels ikkje meir enn det operasjonssentralen har gått ut med, seier lensmann i Haram, Øyvind Verpeide til smp.no.

Ifølgje politiet har hendinga funne stad på Helland.

- Sauane er av rasen gamalnorsk spælsau. Meldar har tatt hand om hunden, heiter det frå politiet.

Har du tips eller bilde til denne saka? Tips oss på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!