– Eg ankar iallfall mot styreleiaren, seier Nyborg til Fjordenes Tidende.

Styreleiaren vart i Sogn og Fjordane tingrett frikjent for å ha noko med brannen å gjere.

Ifølgje avisa har ikke statsadvokaten bestemt seg for om han vil anke dommane mot hotellsjefen og kjøkkensjefen ved Selje Hotell.

Aktor la i retten ned påstand om fengsel i seks og eit halvt år for styreleiaren, men retten har frifant han for brannstifting sist veke.

Styreleiaren vart derimot dømd for medverknad til økonomisk utruskap for nær 800.000 kroner. For dette vart han dømd til fengsel i eitt år. Sidan han var varetektsfengsla i 341 dagar, vart dommen rekna som ferdig sona.

– Vi har eit anna syn på bevisa enn tingretten. Vi meiner det bevist ut over rimeleg tvil at styreleiaren er «Mr. X», seier Nyborg til Fjordenes Tidene.

«Mr. X» skal vere personen som hotellsjefen hadde med seg i bilen då han køyrde tur/retur Stockholm-Selje for å rigge hotellet for storbrann.