Over 3.000 har mista livet så langt i år i forsøket på å flykte over Middelhavet til Europa. Seinast i førre veke omkom 130 rett utanfor kysten av Libya, akkurat eitt år etter Lampedusa-tragedien der 366 omkom i eitt forlis.

Dette er verdas farlegaste flyktningrute. Likevel veks straumen av flyktningar som tek denne risikoen. Meir enn 130.000 skal ha flykta til Europa denne vegen så langt i år, nær dobbelt så mange som i fjor. Italienske styresmakter har gjennom sin operasjon «Mare Nostrum» åleine berga i land rundt 100.000.Med livet i hendene på kriminelle nettverk av grådige menneskjesmuglarar går dei om bord i overfylte båtar med kurs mot det dei trur kan vere ei betre framtid. Vi har også eit ansvar for denne tragedien, og må gjere vårt.

I Sunnmørsposten laurdag kunne vi lese om norske sjøfolk som står midt i dette dramaet. Mannskapet på sunnmørsskipet «Bourbon Orca» gjer ein formidabel innsats for å berge liv i området.

Bileta av døde kroppar i sjøen og søkklasta, opne båtar fulle av flyktningar gjer sterkt inntrykk. Småbarn som vert løfta over i mobbåten og andlet fulle av håp gir eit sterkt vitnesbyrd om dramaet som utspelar seg. «Bourbon Orca» har åleine berga minst 1.300 menneske på fem veker. No ber Norges Rederiforbund om at norske styresmakter engasjerer seg meir for å støtte redningsaksjonane og mannskap som står midt i det.

Vi er inne i ein periode med fleire store konfliktar som driv folk på flukt, frå land som Syria, Irak, Eritrea og Afghanistan. Ikkje sidan krigen på Balkan har straumen av flyktningar til Vest-Europa vore like stor.

FNs høgkommisær for flyktningar seier at vi må innsjå at talet på flyktningar berre vil vekse. Fleire vil trenge vern dei komande åra på grunn av mangelen på løysing av konfliktane og på grunn av manglande humanitære bidrag i konfliktområde som Syria.Rike land som Norge sin innsats for å hjelpe flyktningane der dei er, står ikkje i forhold til behovet. I Syria er fleire millionar på flukt, internt fordrivne eller til naboland. I desse dagar må FN kutte kraftig i matrasjonane deira på grunn av manglande bidrag frå givarland.Alternativet til krig, svolt og død blir då å flykte, men dei same landa som held lommeboka lukka møter dei med stengde grenser.

I mangel på lovlege fluktruter har dei då valet berre mellom farlege ruter i område med krig, gjennom ørken eller over havet. Vi har plikt til å hjelpe, slik mannskapet på «Bourbon Orca» har ei plikt til å hjelpe folk i livsfare på havet. Norge og eit nølande EU må stille opp saman med Italia for å berge båtflyktningar på havet.Plikta til å hjelpe strekkjer seg likevel lengre enn den plikta sjøfolk alltid har hatt til å hjelpe folk i havsnaud. Endå viktigare er den innsatsen vi kan gjere for å hindre dei å leggje ut på denne farefulle ferda. Då må vi i det minste kunne klare å sjå oss sjølve i spegelen å seie at vi har gjort det vi kunne for at flyktningane i Syria skal få mat gjennom vinteren.