I ei pressemelding sendt ut laurdag formiddag ber politiet om bistand frå publikum. Politiet ber dei som har opplysningar som kan vere knytt til det mistenkelege dødsfallet på Hareid fredag om å ta kontakt.

Politiet understrekar at det er særs viktig at ingen ventar med å kome med tipsa dei sit inne med, sjølv om folk ikkje trur tipsa deira er relevant. Dei som har tips kan kontakte politiet på telefon 02800.