Oppdatering: Når det gjeld vedkommande som vart frakta til Ålesund sjukehus med helikopter - ein mann i 20-åra, er skadane lette og vedkommande utskriven, melder Helse Møre og Romsdal ved 18.30-tida, laurdag.

To bilar kolliderte i sentrum av Barstadvika litt før klokka 13 laurdag. Alle som var i bilane er frakta til sjukehus.

– Ein person er frakta i ambulansehelikopter til Ålesund sjukehus, og tre personar er frakta til Volda sjukehus for undersøkingar, seier politiets operasjonsleiar Arild Reite til smp.no.

– Det var ei møteulykke der den eine bilen først fekk ein sleng, seier Reite.

Ifølgje Møre-Nytt var det glatt på staden.

Store skadar på bilane

Ambulansehelikopter vart i 13.20-tida sett gå sørover frå Ålesund sjukehus i retning Vartdal.

– Det eg har høyrt er at det er store materielle skadar, seier operatør Rian Morrison på 110-sentralen.

Morrison kjende ved 13.30-tida ikkje til korleis det har gått med personane i bilen.

Medan føraren av den eine bilen var åleine, var det tre personar i den andre bilen.

E39 var ein periode stengd på staden, og det var omkøyring langs bygdevegen i Barstadvika.

Tips til Sunnmørsposten: 95400400 || 95400400@smp.no