SISTE: Biskopen nektar å ordinere lesbisk prest

Hanne Marie Pedersen-Eriksen søkte på soknepreststillinga i Sandøy, og fekk støtte frå soknerådet. I kveld, onsdag vart ho tilsett av Møre bispedøme.

– Denne gleda er så utruleg stor. Det er utruleg vanskeleg å sette ord på kva eg føler no. Eg føler berre ein så utruleg stor glede over å ha blitt behandla som ein reell søkar, og set veldig stor pris på å i det heile tatt ha blitt vurdert. No vil eg bruke tid på å vurdere om eg skal takke ja til stillinga, seier Pedersen-Eriksen når smp.no kontaktar henne seint onsdag.

Ikkje offentleg

Det er første gong Møre bispedømeråd handsamar ei tilsetjingssak der ein søkjar gir til kjenne at ho vil inngå ekteskap med ei av same kjønn.

– Til grunn for tilsetjinga låg ei omfattande vurdering frå innstillingsrådet. Denne vurderinga er ikkje offentleg, skriv Møre bispedøme i ei pressemelding.

Føler eit kall

Sunnmørsposten skreiv tidlegare onsdag om Hanne Marie Pedersen-Eriksen, som er teologistudent på siste året, og som gjerne vil arbeide som prest i Møre bispedøme.

Ho seier ho føler eit kall til å jobbe nettopp her, og så då at ho synst det var forferdeleg trist at ho sannsynlegvis ikkje fekk lov til det. Grunnen er at Pedersen-Eriksen er lesbisk, og at ho til sommaren skal gifte seg meg kjærasten, Sigrunn.

Les også: Kan bli sokneprest i Sandøy

Les også: Får ikkje bli prest i Møre bispedøme fordi ho er lesbisk

Søkte

Pedersen-Eriksen hadde i samtale med biskopen fått høyre at ho ikkje er aktuell som kandidat til prestestillingar i Møre bispedøme fordi ho skal gå inn i eit homofilt ekteskap. Likevel valde ho å søke på stillinga som sokneprest i Sandøy.

– Eg har fått stor støtte frå folk eg har møtt her. Det er fleire som har bedt meg om å søke. Eg har blitt møtt på ein utruleg god måte, når det faktisk er folk som vil ha meg her, seier Pedersen-Eriksen.

Ho meiner også at bispedømerådet har godt av å bli utfordra med å få ein konkret sak på bordet.

– Det er forskjell på å ikkje støtte det i teorien, og å faktisk få søknaden i fanget, seier ho.

Ønska

Når ein prest blir tilsett, er det soknerådet i det aktuelle soknet som lagar ei innstilling som blir sendt til bispedømerådet. Det er dei som tek den endelege avgjerda. Soknerådet i Sandøy ønska altså å tilsetje Pedersen-Eriksen.

Det var tre søkjarar til soknepreststillinga i Sandøy. I tillegg til Pedersen-Eriksen, var det Magne Hoem (61), senior sjømannsprest i Dragør i Danmark, og Vegard Fuldseth (44), prest i Trondheim.