Etter at det er meldt om at fiskarar i Ørstaelva fekk rømt oppdrettsfiskar på kroken under prøvefiske i helga, har Norges Miljøvernforbund (NMF) meldt saka til politiet.

– At det er teken oppdrettsfisk i Ørstaelva er eit tydeleg teikn på at det har skjedd ei rømming i regionen. (…). Det er likevel ikkje komen opplysningar om kva for ein oppdrettar som har mista fisk frå sitt anlegg, skriv miljøvernorganisasjonen i meldinga som smp.no har fått ein kopi av.

Miljøvernforbundet meiner det er grunn til å tru at fisken er behandla med medisin mot lakselus, som kan gjere den helseskadeleg å ete for menneske. NMF meiner vidare at oppdrettarar kan ha økonomiske interesser i å la fisk rømme, og hevdar det kan dreie seg om uforsvarleg vedlikehald, eller i verste fall forsikringssvindel.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no