Buforholda til mannskapet på redningsskøyta er grunnen til at det kan bli snakk om flytting.

– Beredskapen har første prioritet. Men då er det viktig å også hugse på at «Idar Ulstein» har nesten dobbel så stor toppfart som «Emmy Dyvi», seier maritim direktør Webjørn Knudsen til Sunnmørsposten.

Det er han som til sjuande og sist skal bestemme plasseringa for den nye redningsskøyta, i god dialog med mannskapet på skøyta, og i samarbeid med Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Nye reglar for mannskapet

Ifølgje Vestlandsnytt er det sterke krefter som jobbar for å flytte stasjoneringa av redningsskøyta Idar Ulstein frå Fosnavåg til Ulsteinvik.

Til Sunnmørsposten seier maritim direktør Webjørn Knudsen at det eine og åleine er omsynet til mannskapet som er grunnen til at det kan bli flytting.

For nye skøyter er det nye krav til storleik på lugarane. Om bord på den «gamle» redningsskøyta Emmy Dyvi var det gamle krav som gjaldt.

Med ein gong det kom ei ny redningsskøyte, kom det også krav om at mannskapet skal ha større lugarar, eventuelt bu på land.

Mannskapet kan no bu om bord i skøyta ein kortare periode, men ikkje på permanent basis.

Og i Fosnavåg har vore vanskeleg å finne bustad på land for mannskapet.

Dobbel toppfart

Ifølge tal som Knudsen presenterer, bruker den gamle redningsskøyta 65 minutt frå Fosnavåg til Stadhavet i toppfart. Dersom den nye redningsskøyta kan gå med toppfart frå Ulsteinvik til Stadhavet, bruker den 47 minutt, ifølgje Knudsen.

– Fiskeriaktivieten større i Herøy enn i Ulstein, og skøyta vil bruke meir diesel om den går frå Ulsteinvik, seier han.

– Men ulukker kan også skje innover i fjordane, seier Knudsen og ser plussar og minusar med begge plasseringane.

Buforholda blir avgjerande

Den maritime direktøren i Redningsselskapet meiner derfor at det er buforholda for mannskapet som blir det avgjerande.

Han etterpør derfor kven som kan tilby dei beste buforholda, gjerne til ein lavast muleg pris.

Redningsselskapet synest også at Fosnavåg har reagert raskt på utfordringa.

– Eg veit at formannskapet i Herøy behandlar dette i ettermiddag. Eg håper at dei tar signala seriøst. Samtidig skal vi på befaring til Ulsteinvik og sjå på lokasjon der, seier maritim direktør Webjørn Knudsen i Redningsselskapet.

Goksøyr har trua

– Vi vil legge opp til å få på plass ei løysing som blir til det beste for mannskapet. Når det er sagt, forstår eg godt at ulsteinvikarane vil ha redningsskøyta dit. Det er ein flott båt, men han høyrer heime i Fosnavåg, seier Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr til Vestlandsnytt.

Maritim direktør Webjørn Knudsen håper saka er avgjort i løpet av november.

5. januar skal den splitter nye redningsskøyta i beredskap.