No er det altså klart: Den lenge bebuda nedskjeringa i posttilbodet kjem 5. mars neste år.

Dette blir den første laurdagen utan postomdeling. Årsaka er mindre postmengde og ønske om å spare pengar – nærare bestemt 300 millionar i året.

– 400 årsverk forsvinn. Men det er mest snakk om laurdagsvikarar. Vi har dessverre mange års erfaring med omstillingar, og skal forsøke å få til desse nye endringane utan oppseiing av fast tilsette, seier Odd Christian Øverland, forbundsleiar i Norsk Post- og Kommunikasjonsforbund (Postkom).

– Slik som det har utvikla seg, med stadig meir digital kommunikasjon, så måtte det før eller seinare kome ein reduksjon i talet på omdelingsdagar. Og laurdagar er den dagen med minst post, legg Øverland til.

Han trur heller ikkje det stoppar der, men at ein etter kvart må bu seg på ombering kanskje berre annan kvar dag.

Skuffa

Ein som ikkje jublar over færre dagar med postombering er Lars-Ove Hammer, dagleg leiar hos Haugen Bok i Volda:

– Dette likar vi slett ikkje. Vår policy er at flest mogeleg av våre kundar skal få boka dei har bestilt allereie dagen etter. Vi sender svært mange bøker som brevpost, og har vore vande med at sendingar har kome fram til kunden dagen etter. Det blir ikkje lenger lett for dei bøkene vi sender på fredagar. Han seier at det hender at studentar treng bøker raskt, og for dei vil det vere uheldig å vente heilt til måndag før dei får den boka dei treng.

– Og blir det omdeling berre annan kvar dag, blir det eit endå dårlegare tilbod, seier Hammer.

Eldre

Ei måling som avisa Nationen gjorde for ei tid tilbake viste at halvparten av dei spurde svarte at post på laurdag var viktig. Og det var dei eldre og dei på landet som set mest pris laurdagspost.

Pressesjef John Eckhoff i Posten forsikrar avisene framleis skal leverast på laurdagar:

– Regjeringa har bestemt at der det ikkje er andre som bringar ut avisa, skal Posten inntil vidare framleis gjere dette.

<strong>ÅRSVERK:</strong> Odd Christian Øverland, hovudtillitsvald i Posten, trur dei skal unngå oppseiingar av fast tilsette. Men 400 årsverk vil forsvinne.