Det inneber at ein faktura som ikkje er betalt vert sendt over til eit innkrevjingsselskap som syter for purring og varsel om stenging. Er rekninga framleis ikkje betalt får straumselskapet tilbakemelding.

– Vi har då ein individuell gjennomgang av kvart tilfelle, seier administrerande direktør Rune Kiperberg i Tussa Nett.

Rutinane tilseier at Tussa skal ha dialog med kunden.

– Normalt går det ti veker frå rekning forfell til straumen vert slått av, og vi slår ikkje av straumen om vinteren, eller når det er fare for frost.

– Vart rutinane følgde i dette tilfellet?

– I høgste grad. Vi hadde også dialog med NAV i denne saka.

Les også: Fyrte opp grill inne - etterlet seg to born

Følgjer rutinar

– Før eller etter avstenginga?

– Det vil eg ikkje gå i detalj om.

Frå NAV er det vanskeleg å få opplysingar.

– Generelt kan eg seie at vi har rutinar i forhold til søknader i samband med varsel om straumstans, og dei følgjer vi, seier Eli Grøtta Helset, som er NAV-leiar i Ørsta og Volda.

– Vart desse rutinane følgde i denne saka?

– Det kan eg ikkje svare på av omsyn til teieplikta.

– Dette er tragisk

Bård Flekke, som er leiar for flyktningkontoret i Ørsta, seier at mannen ikkje tilhøyrde deira ansvarsområde lenger.

– Dette er tragisk, og ingen kunne tenkje seg at noko slikt kunne skje, seier Flekke.