– Det som ligg under nysnøen er hardt og kan løsne. Pass særleg på henga som er brattare enn 30 grader, rår Jan Peder Hoggen i Norges Røde Kors si sentrale ressursgruppe for skred.

Han er òg lokallagsleiar i Volda og anbefaler sunnmøringane å ta skia fatt i påska sjølv om skredfaren er sett til nivå tre desse dagane.

– Det er meld fine dagar, så for all del, kom dykk ut på ski. Det er muleg å ta ein mindre bratt tur. Styr unna dei brattaste henga på 30 grader eller meir, det er tommelfingerregelen, seier Hoggen.

I Skiguiden finn du informasjon om alle skistadane på Nordvestlandet samla på ein stad

Flakskred på Strandafjellet

I går kom det omkring 20 centimeter nysnø med vinden frå sørvest ved Stranda skisenter.

Natt til torsdag dreia vinden på frå nordvest, og ein del nysnø har blitt flytt og danna flak av fokksnø i lehenga.

– Vær oppmerksam på ferske, ustabile flak av fokksnø når de køyrer utanfor oppmerkte løyper, åtvarar dagleg leiar Stian Græsdal.

Det er dette som er skredproblemet no i påska, og dreiande vind gjer at heng i alle himmelretningar er utsette. Skaren er mange stader uttørka og dermed ikkje så veldig hard.

Sjekk pudderalarmane her

– Det har vore sol og snøbyer om kvarandre i heile dag. Totalt har vi fått 5-10 centimeter i løpet av dagen. Utover kvelden og natta er det venta vidare bygevær og meir snø, fortel Græsdal.

Knakk foten i ras

Han fortel om ein fin dag med gode forhold trass i raset som gjekk eit par kilometer utfor Fursettrekket på Strandafjellet torsdag tidleg føremiddag. Ein mann skal ha knekt foten då han vart teken av skredet, som kompisane redda han ut av.

– Det var utløyst i eit bratt parti eit stykke utfor senteret. Vi oppmodar folk til å tenke på eigen og andre sin sikkerheit når dei ferdast offpist, seier han.

Sjå også: Oppdaterte vegmeldingar for Møre og Romsdal

Stranda Røde Kors har hatt nok å henge fingrane i på ein stor utfartsdag med nærare 2000 alpinistar i aksjon på Strandafjellet.

– Det er sånn det er, når utfarta er stor, så får vi ein del skadar, fortel lokalforeiningsleiar Per Inge Jelle.

Sjå også: Oppdaterte vegmeldingar for Sogn og Fjordane

Før skisenteret opnar kvar morgon sender dei ut skredvarsel og vêrrapport slik at alpinistane får eit innblikk i kva forhold dei kan vente seg.

– Vi fortel om vindretning og snømengd og temperatur. Vi prøver å informere så godt som overhovudet muleg, forsikrar Græsdal.

Bare, våte vegar

På vegen over Strandafjellet skal det derimot ikkje vere snø, men våt vegbane. Det same melder vegvesenet om andre sentrale vegstrekke i nordvest.

Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) melder på varsom.no at snøskredfaren for Sunnmøre og Fjordane er nivå tre. Desse to områda er mellom få i landet med denne faregraden skjærtorsdag 2. april.

Nivå 3 svarar til betydeleg skredfare, og publikum vert oppfordra å halde seg unna terreng der nysnøen har bunde seg saman til mjuke flak.

Sjå oppdatert vervarsel for Nordvestlandet på vaer.smp.no

Faremoment

Det er to faremoment som gjer skredfaren til ei stor utfordring:

  • Nysnøen som har kome dei to siste døgna har lagd seg i bratt terreng, særleg over 600 meters høgd.

– Sjå etter nysnø som bind seg saman til mjuke flak og sprekk opp eller festar seg dårleg til den eldre snøen under. Snø som sprekk opp under ski eller snøbrett er eit typisk teikn. Unngå bratte heng medan det snør og fram til nysnøen har lagd seg, rår direktoratet.

  • Eit svakt lag med overflaterim er nedsnøtt eller nedføyka.

– Drønnelydar og skytande sprekkar er tydelege teikn, men fråvær av slike teikn betyr ikkje at det er trygt. Tenk konsekvens når du gjer vegval, særleg i ukjend terreng, etter snøfall, vind og periodar med temperaturstigning. Det er størst sjanse for å løyse ut skred der snødekket er tynt, nær ryggar og framstikkande steinar. Fjernutløysing er og muleg.

Prognosane for langfredag er dei same for Sunnmøre, men i fjordstrøka nord i nabofylket i sør er det senka til nivå 2 fredag.

Det er venta nordvestleg periodevis frisk bris utsette stader, snø- og sluddbyer. Nedbør 10-20 mm og ingen store temperaturendringar.