Stadt AS i Sande vann onsdag kveld miljøprisen under den viktige Offshore Support Journal Conference i London. Gjerdsvika-bedrifta med 11 tilsette gjekk til topps i konkurranse med gigantar som Siemens og ABB.

– Det er sjølvsagt hyggeleg, og det er ikkje tvil om at  prisen vil gjere det lettare å for oss å vinne fleire kontraktar, seier Stadt-direktør Hallvard Slettevoll til smp.no.

Følg smp.no på Facebook

Reknar med ti-dobling

Sunnmøringen deltok på gallamiddagen i London onsdag kveld der dei prestisjefylte prisane vart delt ut framfor om lag 450 representantar frå bransjen.

Sjølv om Stadt er små i denne samanhengen, er bedrifta i ei rivande utvikling.

Rekneskapen for dei siste åra viser at det ikkje har vore all verda til overskott frå ein omsetnad på rundt ti millionar. Og for 2011 og 2012 er det raude tall på botnlinja.

Men dei kommande åra har Slettevoll god tru på at innteninga vil vere ein heilt annan. I løpet av få år reknar han med om lag ei ti-dobling av omsetnaden - til opp mot 100 millionar kroner.

 – For 2013 vil vi legge fram eit resultat på om lag ein million i pluss frå ein omsetnad på rundt 20 millionar. Men det er 2014 som vert det store året for oss, påpeiker han.

Kraftig vekst i offshore

Stadt er ei teknologibedrift som leverar løysingar for elektrisk framdrift på alle slags skip, men har særleg vekse i offshoremarknaden.

Mellom anna har dei sikra seg verdifulle kontraktar med PSG og Nam Cheong-gruppa.

Slettevoll fortel at mykje av jobben går ut på å unngå energitap ved hjelp av heilelektriske system. Samanlikna med konkurrentar meiner Slettevoll at Stadt-systema sparar skipseigarane for drivstoffutgifter på om lag fem prosent. Samanlikna med tradisjonelle framdriftssystem, skal innsparinga vere på heile 40 til 50 prosent.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Får hjelp frå Kongsberg

Frå at bedrifta har jobba med eit til to prosjekt i året, er dei no opp ei om lag 20 prosjekt per år. Det har óg gjort at bedrifta har funne ein partnar i Kongsberg Maritime for å få unna alle oppgåvene.

– Vi meiner at vi har funne ein kontrollert måte å gjere dette på, mellom anna med samarbeidet med Kongsberg. Det har vore viktig for at vi skal handtere situasjonen, og vi legger opp til ein betydeleg positiv inntening framover, seier han.

Bedrifta vil naturleg nok trenge fleire hender i arbeid i tida framover, og Slettevoll anslår at dei i løpet av det neste året vil doble talet på tilsette.

Ulsteinvikaren Sigmund Borgundvåg frå Rolls-Royce vann ein ærespris og reiarlaget Island Offshore i Ulstein vart kåra til årets skipseigar.