Samferdselsdepartementet lyste 21. januar i år ut ein konkurranse om ein tenestekonsesjonskontrakt på å distribuere aviser på laurdagar i område der det ikkje er eit eige avisbodnett.

To selskap leverte inn tilbod – Posten AS og Kvikkas.no, med Norpost som underleverandør.

Kvikkas.no, med hovudkontor i Ålesund, sitt tilbod var best, meiner departementet.

- Avis er ferskvare, det gjeld òg på laurdagar. 85 prosent av laurdagsavisene blir distribuert i eigne avisbodnett. Posten har ikkje lenger plikt til å levere dei resterande 15 prosent av avisene på laurdagar. I område utan eigne avisbodnett sørgjer ei ny ordning for at avisabonnentane skal få laurdagsavisa si som før. Selskapet Kvikkas.no har vunne konkurransen om å distribuere desse laurdagsavisene frå november i år, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

To år

Kontrakten med Kvikkas.no gjeld for ein periode på to år frå november 2016.

Dagleg leiar Stig Kleive i Kvikkas.no seier kontrakta betyr mykje for bedrifta.

- For ei bedrift som omset for 50 millionar tar denne kontrakta oss til ei ny høgd. Vi er kjempestolte og har lagt ned eit stort arbeid for å få kontrakta, seier Stig Kleive til smp.no.

Kontrakta har en verdi på mellom 150-200 millioner kroner etter det smp.no erfarer.

- Der er ein del variablar og og faste kostnadar som må på plass før vi kommenterer økonomi, seier Kleive.

Blir større

Uansett blir kvikkas.no større og må ansette fleire folk.

- Ja vi vil ansette fleire, flest ute i leveranseapparatet. Men og innan utvikling og IT på hovudkontoret i Ålesund, seier Kleive.

Posten klagar

Posten har levert inn klage på tildelinga, opplyser Elisabeth Gjølme, konserndirektør for kommunikasjon i Posten, til NTB.

– Vi meiner Posten burde vore valgt ut frå tildelingskriteria, spesielt med tanke på leveringsevne og geografrisk spreiing. Vi stiller spørsmål ved om departementet kan ha undervurdert kompleksiteten i oppdraget, seier Gjølme.