Tysdag opna Geiranger bakeri avdeling på kjøpesenteret Spinneriet i Volda.

Lang kø

Ei lang kø av folk stod og venta utanfor då innehavar og bakar Jan Egil Vikestrand (36) opna dørene inn til utsalet og kafeen.

Produksjon i Ørsta

Han er opphavleg frå Volda, men starta Geiranger bakeri i Geiranger i fjor. Geiranger vil framleis vere hovudbase for bedrifta, men om eit par veker vert det også sett i gang produksjon i eit lokale i Ørsta.

Lokal mat

I utsalet på kjøpesenteret i Volda sel han også spesialkaffi, og ulike produkt frå lokale matprodusentar.

Opna i 2015: No er det kanel i svingane i Geiranger