Politiet fekk melding om ulukka på riksveg 15 ved Bryggja i Vågsøy like før klokka 10, melder Fjordenes Tidende.

Politi, brannvesen, ambulansar og luftambulanse rykka ut. Kvinna var førar av den eine bilen.

– Ein person er omkomen i ulukka, sa operasjonsleder Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt til NTB torsdag føremiddag. Han stadfesta at det dreiar seg om den kvinnelege sjåføren.

Årsaka til ulukka er ukjend. Det var det tørr vegbane der frontkollisjonen skjedde.

Den andre bilen hamna på taket, føraren av denne og passasjeren i den andre bilen vart frakta med luftambulanse til sjukehus i Førde og Ålesund.

Etter det Fjordens Tidende kjenner til skal den omkomne vere frå Nordfjord.

Riksveg 15 ved Bryggja var stengd ein periode etter ulukka.

Mann alvorleg skadd

Ein mann blei alvorleg skadd i ulukka. Mannen i 40-åra var førar av den andre bilen i samanstøyten.

- Mannen er alvorleg skadd, men stabil. Han er nyleg operert og ligg på intensivavdelingen ved Førde sentralsjukehus, opplyser AMK Førde til smp.no.