Snøen skaper problem på vegane på Sunnmøre torsdag.

- Det blir rapportert at det er glatt mange stader, seier Per Åge Ferstad i politiet på Sunnmøre.

Dette vogntoget sto torsdag ettermiddag fast i motsett køyrefelt like ovafor Stranda sentrum. Foto: Smp-tipsar

Like ovafor Stranda sentrum sto i 16-tida eit vogntog fast i motsett køyrefelt.

Litt lenger opp er totalt fem bilar i grøfta på same stad, opplyser ein trafikant.

Enno lenger oppe skal nok ein bil vere i grøfta.

Og i Hevsdalen opp mot Strandafjellet pågår det berging av eit vogntog, opplyser Ferstad i politiet. Også to andre vogntog har hatt problem oppe på Strandafjellet.

- Vi har varsla Statens vegvesen om strøing, seier Ferstad i politiet til smp.no.

Denne Felleskjøpet-bilen hamna torsdag ettermiddag i grøfta mellom Austnes og Ulla på Haramsøya. Foto: Smp-tipsar

På Haramsøya er ein lastebil i grøfta mellom Austnes og Ulla.

Også på

Ørskogfjellet

og i

Mauseidvågen

er det bilar som har sklidd av vegen, opplyser Ferstad i politiet.

Smp oppdaterer