Onsdag kjem sjølvaste Molde FK og Ole Gunnar Solskjær til Volda, for å mørte heimelaget i NMs 1. runde. Ein sjeldan storkamp for voldingane.

– Vi møtte AaFK i 1. runde i cupen i 2010, og Glenn Roberts scora kampens einaste mål på eit vådeskot frå langt hald. Det var moro å spele den kampen, og vi gler oss sjølvsagt veldig til vi no får besøk av sjølvaste Molde, seier Rasmus.

Men Molde var ikkje drøymemotstandaren til Rasmus før oppsettet kom.

Brann var ønskemotstandaren

– Det hadde vore utruleg moro å få Brann hit til Volda stadion! Og då tenkjer eg på ein retur hit for Brann-trenar Lars Arne Nilsen og sonen Sivert. Eg har spelt saman med Sivert i heile oppveksten, og hatt Lars Arne som trenar. Men vi får møte dei i neste runde, då, smiler Aarflot.

Som håper på «stinn brakke» når moldensarane kjem for å hente 2. runde-billetten.

Feil fokus

Volda sleit tungt i serieopninga mot SIF fredag, men halte i land ein knapp 1-0 siger.

– Ein svak kamp av oss, men eg trur at fokuset vårt alt då var på Molde-kampen. Vi må opp på eit mykje høgre nivå om vi skal hevde oss mot Molde. Og det trur eg garantert vil skje, for dette vert ein folkefest.

Trenar Dagmund Evebø lover at Volda ikkje kjem til å parkere bussen framfor eigen 16-meter. Sjølv om det er Molde som er motstandar.

Bonuskamp

– Vi har alt å vinne, og vi vil prøve å utfordre Molde og skape sjansar sjølve. Dette er ein rein bonuskamp for oss, og vi må tore å spele vårt eige spel. Så får vi sjå om vi er gode nok til å gjere dette til ein skikkeleg fotbalkamp, det er målet vårt, seier han.

Evebø fryktar at cupen tek litt fokus vekk frå seriekampane.

– Vi får sjå kva som skjer på laurdag, når vi skal til Langevåg. Vi har eit tøft kampprogram no, så eg må seie eg er litt spent, seier han.

Volda-Molde starter onsdag kl. 18.00, og sendes i samarbeid med NRK.