– Eg vil ikkje peike på fordelar og ulemper med dei ulike alternativa, men det står mellom Ålesund og Kristiansund. Det er ikkje muleg med eit kompromiss med Molde, seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal.

Det støttar Molde-ordførar Torgeir Dahl (H).

– Eg trur det vil stå mellom Ålesund og Kristiansund, og då meiner eg Ålesund er den beste løysinga òg med tanke på befolkingstettleik, seier Dahl.

Han har snakka med Bjørn Tømmerdal (H) og erklært si støtte.

– Eg sa at viss han treng støtte i dette spørsmålet, så vil han få det frå oss.

Dahl sa tidlegare tysdag til rbnett at dei ikkje vil bruke ressursar på denne saka, men at viss nokon ønskjer at Molde skal kome inn som eit kompromiss, så seier dei sjølvsagt ja til det.

Sjølv seier Tømmerdal til smp.no tysdag kveld at han har tillit til at det må ligge en politifagleg vurdering til grunn.

– Eg antek at både 110-miljøet og AMK-sentralen, som er lagt til Ålesund i dag, styrkar oppfatninga av at ein politimeisterfunksjon vert lagd til det sterkaste miljøet i fylket, seier Tømmerdal.

Les også: Mener Kristiansund skal ha politimesteren

Ny strid

Aasen er førebudd på ein ny lokaleringsstrid i fylket, kort tid etter den mykje omtalte sjukehussaka.

– Det vert uansett strid når noko skal lokaliserast. Etterdønningane av sjukehussaka gjer at Kristiansund sterkt manglar statlege arbeidsplassar, seier Aasen.

– Er det er gyldig argument i denne saka?

– Nei, det veit eg ikkje. Men i dag har vi ein politimeister i Ålesund og ein i Kristiansund, så begge desse har jo eit politifagleg miljø, påpeikar fylkesordføraren.

Han reknar med at saka kjem opp i fylkesutvalet på måndag.

Fryktar for folket

Det var på ein pressekonferanse klokka 18 tysdag kveld at den nye politireforma vart presentert. Presentasjonen vart leia av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen og statsminister Erna Solberg og Venstre si Iselin Nybø. Det vart avkrefta at reforma vil bringe meir sentralisering, noko KrF ikkje er einig i.

– Dette er ikkje sentralisering, det er det motsette. Det viktigaste målet er å ha eit nærpoliti som er der folk er, sa Anundsen.

Aasen meiner det er vanskeleg å sjå kvifor reforma som vart presentert tysdag vert lansert som ei nærpolitireform – trass i at ho tydeleg reduserer talet på politistrikt og lensmannskontor.

– Det er pinleg, ein kan ikkje kalle det nærpolitireform. Det må i så fall vere ein negativ nærpolitireform. Det er snakk om kvardagen til folk, synest Aasen.

Han meiner folk er opptekne av nærleik til politi og lensmannskontor som gir tryggleik i kvardagen til folk ute i distrikta.

– Eg trur ikkje det med kvar politimeisteren har sitt sete er så viktig, men heller kor bra dette er for folk flest, seier fylkesordføraren.

Det er Senterpartiet si Jenny Klinge frå Surnadal einig i. Ho meiner ein ikkje kan legge ned lensmannskontor og samstundes kalle reforma ei «nærpolitireform».

– Vi er opptekne av at når vi snakkar om nært, så kan ikkje det bety lenger unna. Nærpoliti betyr lensmannskontorer, seier Klinge til NTB.

Ho synest det er vel og bra med patruljar som kjem innom viss noko skjer, men politiet må jobbe med å forebyggje, oppdage og oppklare. Då må vi ha noko anna enn eit ansiktslaust politi på hjul, seier ho.

Må bli meir mobile

Lensmann i Selje og Vågsøy, Tormod Hvattum som er busett på Åheim, ønskjer å vere så positiv som råd og satse på ei meir mobil teneste.

– Ideen er jo den at beredskapen er meir enn eit skilt på veggen der det står lensmannskontor. Politiet skal vere meir ute, meir mobile, seier han.

Han hadde heilt klart håpa at Sogn og Fjordane skulle bli slått saman med Møre og Romsdal og synest inndelinga er vanskeleg å forstå.

– Om vi hadde blitt slått saman med Møre og Romsdal, så ville det vore eit større og meir robust distrikt. Det er litt merkeleg sånn det er lagt fram no, med mange store i sør og så Møre og Romsdal som eit lite åleine, synest Hvattum.

Byproblematikk i Nordfjord

Han fryktar at Bergen by-problematikk vil vere sentralt i det nye distriktet i midt-vest.

– Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er like når det gjeld geografi og utfordringar. Men vi må gjere det beste ut av situasjonen slik at publikum i Nordfjord får like gode tenester som dei har no.

Reformforslaget skal ha fleirtal i Stortinget, men det vil bli lagt fram ein stortingsproposisjon kor det vert høve til å kome med forslag og diskusjonar kring reforma.

– Vi er ikkje parate per no, vi treng meir folk og fleire bilar, men vi må vere positive og justere oss når tida kjem. Kanskje gir skiltet på veggen falsk tryggleik, og det ein fordel av politiet får ei meir mobil teneste, håper Hvattum.

Jon Aasen ventar ein debatt, og han håper konsekvensane for folk som ikkje bur i by vert undersøkt nøye i Stortinget.

– Kjøttvekta tel veldig, og fordi det bur mest folk sentralt, så er det vanskeleg å bli teken seriøst ute i distrikta. Eg håper at denne debatten vert møtt med noko anna enn skuldertrekk hjå dei som bur sentralt, seier Aasen.

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) er uroa for at folk vil miste tryggleiken i kvardagen når talet på lensmannskontor vert redusert. Foto: ARKIVFOTO: STAALE WATTØ