Det seier Jann Leite som er programleiar av den nye lokal-tv-satsinga som har premiere på smp.no fredag.

Bli med på release-party: Frå klokka 12 kan du få eit heilt unikt innblikk i dagleglivet i Sunnmørsposten sin redaksjon. Jann Leite er sjølvsagt reporter.

Av dei to søkarane til stillinga som programleiar var det frilansar og naturfaglærar Jann Leite som fekk jobben.

– Eg har alltid følt inni meg at eg er meint til å nå ut til eit større publikum. Eg er gitt mykje tillit med denne jobben og gjer oppgåva så godt eg kan, fortel Leite.

– Godt lokal-tv-nivå

Ifølge han sjølv har han relativt avgrensa erfaring når det gjeld tv-produksjon, sett bort frå nokre heimevideoar. Men han er overraska over kor godt han liker seg framføre kamera.

– Det er både skremmande og kjekt på same tid. Ein kan kanskje sjå at eg er litt nervøs i dei første episodane, men eg føler eg heldt eit jamt godt lokal-tv-nivå. Eg er slett ikkje misfornøgd, seier Leite.

Han har tidlegare jobba både som lokaljournalist og naturfaglærar. På fritida er han interessert i ringmerking av fuglar og orienteringsløp. I tillegg er han open tupébrukar. For Leite er det å vere ærleg svært viktig.

– Mange liker å synse om det som blir presentert i media og på nettet, så eg er førebudd på at det kan kome mange meiningar om programmet. Men som eg bruker å seie: det er veldig enkelt å skifte side på internett.

– Lett distriktsprogram

Leite har ifølge han sjølv fått ganske fritt spelerom i forhold til programmet, og har klare ambisjonar for kva han vil formidle.

– Det er viktig å ha litt av kvart. Eg syns det er kjekt med variasjon. Det skal ikkje vere eit djuptgåande, tungt program, men heller eit relativt lett distriktsmagasin. Leite nyttar seg gjerne av folk han kjenner for å fylle sendeflatene. Mellom anna har han fått med seg gamle kompisar frå militæret til å lese dikt.

– Men det eg vil trekke fram som den største satsinga i denne lokal-tv-produksjonen er «Kysten vår». Der reiser eg og Dag Lindesnes rundt i ein sjark og tek sakte men sikkert føre oss kyststripa frå Sunnmøre museum til sentrum ved å trekk trådar tilbake til gamle maritime tradisjonar.

<strong>Studio:</strong> «Regionen vår» med programleiar Jann Leite har premiere fredag. Serien vil bli lagt ut på smp.no to gongar i veka fram mot jul. Leite fristar med både dikt, konkurransar og utforsking av kystlinja i Ålesund.