Fredag 19. juli blir det, ifølgje ei pressemelding frå bandet, ein «ekte fest» i Valldal. Plata «Hesteslepp», som kom ut i vår, har selt til platina og dette skal feirast med utekonsert ved Kulå.

– Overraskande

Vassendgutane har hittil kome med sju cdar og selt tusenvis av plater opp gjennom åra. Plata «XO» frå 2008 utmerka seg med dobbel platina. Vokalist og bassist i Ørsta-bandet Sindre Aam seier det er overraskande at «Hesteslepp» òg gjer det bra.

– I dag er det veldig vanskeleg å vite korleis det vil gå. Ein veit aldri om ein vil selje 50 eller 5.000 eksemplar, seier Aam.

– Men det er veldig kjekt!

Bilmusikk

På spørsmål om kvifor bandet gjer det så bra, blir vokalisten usikker.

– Det er vanskeleg å seie, men vi håper det er fordi folk likar det vi skriv om, seier han.

– Musikken vår er vel litt bilmusikk, kanskje. Og i bilen er det framleis ein del cdar.

– Stas å spele på Sunnmøre

Sjølv seier Aam at dei ikkje er så flinke å feire når dei gjer det bra. Men på fredag blir det likevel feiring med utekonsert i Valldal.

– Då skal vi spele heile den siste plata, og mykje av det gamle. Det er alltid stas å få spele her heime på Sunnmøre, det er ikkje ofte vi gjer det lenger.

Har dokke ein plan B i tilfelle dårleg ver?

– Om det er dårleg ver, så spelar vi likevel, seier vokalisten og ler.

– Vi har spelt i Valldal før og der har alltid vore mykje folk og kjempebra publikum som passar oss veldig bra. Så vi ser fram til fredagen.