Torsdag varsla Norled redusert kapasitet på ferjesambandet Hareid-Sulesund. Det hindra ikkje køar og forseinka ferjer fredag.

Klokka 17.50 var det framleis attståande bilar. Ifølgje bildet over, som skal vere tatt klokka 17.50, var det på dette tidspunktet ferjekø som nesten ville fylt ei ferje. Då hadde Tidefjord gått frå Hareid rundt klokka 17.40, ti minutt forseinka.

Ifølgje Vikebladet var det kø også fredag morgon og fredag midt på dag. Det er ferja Ullensvang som er ute av drift. Særleg den gamle ferja Høgsfjord, som tar 75 bilar, har fredag ikkje greidd å halde unna.

Klokka 18.30 var begge ferjene ifølgje ais-en framleis forseinka. Tidefjord kom inn til Hareid ferjekai omtrent klokka 18.30, då den eigentleg skulle gått igjen. Høgsfjord var då framleis ute på fjorden.

- Normalt frå måndag

- Det vil frå i kveld torsdag 3. september kl. 19, og fram til måndag morgon, vere noko redusert kapasitet i sambandet grunna planlagt verkstadsopphold, melde Norled torsdag.

Det er venta normal drift frå måndag morgon.