Det seier Lars Harald Blikra, seksjonssjef for fjellskred i NVE.

Sjølv om Blikra kan setje fingeren på enkelte ting som gjeld realismen i «Bølgen», gir han uttrykk for at ein må ta filmen for det den er – fiksjon, og ikkje ein dokumentar. Når det er sagt, synes han at filmskaparane i Fantefilm har klart å få med ein del element frå det arbeidet som blir lagt ned for å overvake Åkernesremna i Stranda kommune og andre ustabile fjell i landet vårt.

Anmeldelse: Nervepirrende og velgjort

- Filmen kan òg lære oss å vere audmjuke i forhold til dei tinga vi ikkje forstår med ein gong. Men når det gjeld tidsaspektet, er det ikkje realistisk. Eit skred frå fjellet vil ikkje skje så fort. Og vi har ein heilt annan kontroll på rørsler i fjellet, enn slik det vert framstilt i filmen. Det vil ikkje vere folk i dette området når raset går, hevdar geologen.

Sterk femmar

Også ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, kjente at filmen rørte han langt inn i sjela. På lik linje med Blikra er han mektig imponert over både manuset og innsatsen til skodespelarane.

- Eg er kun ein lekmann, og ser ikkje så mykje film, men eg gir den ein knallsterk femmar, uttalar Tryggestad, når han får spørsmål om å gi ei kort filmmelding etter opninga i Haugesund. Å sjå ein film om eit så alvorleg tema spelt inn i lokalmiljøet, gjer noko med ein ordførar, som har ansvaret for sine innbyggjarar.

Les også: Olina opplevde flodbølga i TafjordenLes også: Vaktar kvar millimeter

Hauste effektane

Tryggestad meiner at når filmen faktisk vart så bra som dei høge forventningane tilsa, bør ein vere om seg og hauste effektane av «Bølgen».

- Vi kan bruke filmen til å setje fokus på beredskapsarbeid og avbøtande tiltak i forhold til faren for fjellskred, i møte med ny kunnskap og nye krav. Det har også vore filmselskapets intensjonar, og slik sett har filmen absolutt svart til forventningane, uttalar Tryggestad.

Han ser fram til Åknes-konferansen i Geiranger 26. og 27. august, der også «Bølgen» skal visast.

katastrofefilmen "Bølgen" mottok trampeklapp under opninga søndag kveld. Foto: Randi Longva