I helga runda fiskefartyet «Hindholmen» hundre år. På dekket rigga Magnar Åm og det utvida bandet Quest seg til. Urframføringa av «berast fram» vart ein gedigen suksess. Gjestane likte det dei høyrde. Perkusjonistane slo både på casingen, trefat og plastkanner. I styrhuset las skipperen notar og tuta på rette stadane.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Brit Aarseth i stiftinga som steller båten likar Åm si leikne tilnærming til kunsten. Ho var aldri i tvil kven ho skulle kontakte.

– Eg byrja med å lytte til lydane om bord, fortel komponisten.

Musikarane inspirert

Åm let seg særleg inspirere av hovudmotoren. Den over seksti år gamle tresylindra totaktaren byd nemleg på eit svært særprega ganglag.

– Reine swingjazzen?

–  Ja, og noko av det flotte er at den legg trykket på stendig nye plassar i taktene. Også musikarane i Quest let seg inspirere av slikt dei høyrde her. Andreas Barth sampla til dømes nokre av lydane og nytta dei elektronisk fortel komponisten.

Les også: – Ungdomen er bra, berre dei får sleppe til! (krever abonnement)

Andre Quest-arar var elles slagverkaren Erik Fooladi og trompetaren Geir Hjorthol. Dessutan var akkordeonisten Morten Bollerud med i tingingsverket, som starta med ein fri improvisasjon før musikken ordna seg etter det skrivne. Laurdag var «Hindholmen» einaste farty som navigerte etter partitur, fleipa Magnar Åm.

Komponist Magnar Åm. Foto: Bjørn Halvorsen

Fjord Cadenza

Komponisten har elles eit tingingsverk klart til Fjord Cadenza på Skodje i sommar, der han skal vere årets festivalkomponist. Det inneber at det vil bli presentert fleire konsertar der repertoaret er  signert Åm.

–  Eg har skrive mykje for akkordeonisten Geir Dragsvoll. Til Fjord Cadenza har eg omarbeidd den tresatsige solokonserten eg laga til han. No skal han framføre denne nye versjonen med Kaunas City Symphony Orchestra. Det vert altså meir av eit vekselspel mellom solist og orkestermusikarane, forklarer Åm.

Opera på beddingen

Eit anna av arbeida på beddingen er ein opera bygt på Tarjei Vesaas sin «Kimen». Dette er eit oppdrag i regi av Dei nynorske Festspela.

–  Litt avhengig av finansieringa skal den framførast anten i 2017 eller 2018. Eg tek sikte på å bruke Telemark Kammerorkester. Verket skal elles skrivast slik at det kan settast opp av lokale kor, men med profesjonelle solistar. I søknadane har eg nemnt operasongarane Ann Helen Moen og Magne Fremmerlid, fortel Magnar Åm.