Dagleg leiar i Bourbon Offshore, Bjørn Idar Remøy, opplyser til Vestlandsnytt at den italienske kystvakta bad Bourbon Orca om assistanse, etter at ein båt med flyktningar hadde kantra og forlist.

Herøy-båten med eit mannskap på 16 blei dirigert til staden og deltok i redningsarbeidet.

Det var ein open båt stappfull med 4-500 flyktningar frå Nord-Afrika som hadde kantra og gått ned. Seint søndag kveld var Bourbon Orca, som ligg ved ein rigg sør for Malta, beden om å vere med og leite etter menneske i sjøen.

Fann to overlevande

Ulukkesstaden låg tre timar unna. Frå rundt klokka 01 natt til måndag var Bourbon Orca med i søket i nattemørket.

Ved hjelp av lyskastarar og mobbåt fekk dei berga om bord to overlevande.

– I tillegg fann vi to omkomne, seier dagleg leiar Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore til Herøynytt.

Desse vart sidan tekne med av den italienske kystvakta. Måndag ettermiddag var søket avslutta, og skipet er no tilbake i jobb ved Malta.

Ifølgje den italienske redningssentralen er det alt i alt funne 366 overlevande etter det tragiske forliset. Men det hadde vore fleire om bord i den overfylte, opne båten, kanskje rundt 500.

Møter mannskapet

– Det var godt vêr når det skjedde, seier Remøy.

– Er det behov for debrifing for mannskapet etterpå?

– Ved ved neste hamneanløp vil vi møte dei. Vi har også kontakta Sjømannskirka, som har hjelpt oss i tilsvarande situasjonar tidlegare. I slike situasjonar er det sterke inntrykk mannskapet blir utsett for, seier Remøy til Herøynytt.

«Bourbon Orca» går i kontrakt for det italienske olje- og gasselskapet Eni i Middelhavet.