Det opplyser politiadvokat Julie Ulstein ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

– I hovudsak arbeider vi no med å kvalitetssikre arbeidet, til dømes med tekniske spor - også har vi nokre oppfølgingsavhøyr som skal gjerast, seier Ulstein.

Følg smp.no på Facebook

Ventar på rapport

Ein 23 år gamal mann er sikta for drapet og godtok i starta av månaden varetektsfengsling ut november.

Den sikta har tilstått drapet i avhøyr, men ved sist fengslingsmøte opplyste forsvararen at han ikkje vil ta stilling til skyldspørsmålet før rapporten frå dei sakkyndige i saka ligg føre. Konklusjonen til rettspsykiatrane er venta i løpet av neste månad.

Tause om motivet

Politiet har ikkje sagt noko om kva mannen har  forklart om motivet for drapet.

Sami Milhem (20) blir funnet drept og ille tilredt i en leilighet på Bigset i Hareid 8. august. Han vart drepen med ein kniv, og politiet meiner å ha funne drapsvåpenet i ein konteiner på Valderøya.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no