Namsmannen i Bremanger har i dag vedteke at Statnett får halde fram med arbeidet i den omstridde Myklebustdalen.

Fjordane tingrett ba namsmannen om ei avgjerd i saka. I dag orienterte lensmann Hans Rune Strandos begge partar om avgjerda si, melder NRK Sogn og Fjordane.

Dette betyr ikkje at saka er avklart, bygginga kan framleis bli stansa. Vedtaket i dag er at Statnett kan gjenoppta byggearbeidet på eit 20 kilometer langt område der Statnett vil bygge 420 kV kraftlinje og transformatorstasjon. Statnett har tidlegare starta med å bygge fundament og reise kraftmaster i Myklebustdalen.

–  Vedtaket betyr at Statnett kan ta opp att arbeidet, seier kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett til Smp.no.

Statnett si nye 420 kV-linje frå Fardal i Sogn til Ørskog i Møre og Romsdal skal sikre stabil kraftforsyning til mellom anna Nordvestlandet. Arbeidet med den nye kraftlina har stått stille i Myklebustdalen, etter at grunneigarane har protestert.

Påklagar

Første prioritet for Statnett er å starte arbeidet med transformatorstasjonen.

– I løpet av nokre veker vil vi starte arbeidet med Ålfoten transformatorstasjon, og i løpet av tidleg vår med linjeføringa, seier Nilson.

Men saka er ikkje avklara.

– Grunneigarane har påklaga namsmannen sitt vedtak i dag til Fjordane tingrett, seier grunneigarane sin advokat, Bjørn Tore Steffensen hos advokatfirmaet Steenstrup Stordrange.

Fleire rettssaker

Namsmannen sitt vedtak gjeld ikkje Sørdalen naturreservat. Framleis gjenstår det rettssaker som kan stoppe arbeidet.

Det er reist sak mot Miljøverndepartementet for løyvet til å la linja gå gjennom Sørdalen naturreservat. Saka er fastsett for Borgarting lagmannsrett 10.-12. februar.

Den underliggande konflikten i saka, Olje- og energidepartementet sitt konsesjonsvedtak i 2011, skal også takast stilling til i rettsapparatet, ifølgje advokat Bjørn Tore Steffensen.