Skipet kan utføre operasjonar på så lite som fem meters djupne, opplyser Ulstein i ei pressemelding.

Det skal også vere kostnadseffektivt på ei lang rekke operasjonar. Fleirbruks-fartøyet skal kunne legge kabel, utføre konstruksjons-operasjonar og installere anlegg på sjøbotnen.

- Operasjonsområda vi siktar oss inn på er særleg søraust-Asia, Midtausten og Afrika. Men fartøyet vil sjølvsagt også vere i stand til å arbeide i Nordsjøen, der vi ser ein god marknad for kabelleggings-operasjonar, skriv Edwin van Leeuwen i Ulstein Design & Solutions i Nederland i ei pressemelding.

Kapasiteten på det 115 meter lange skipet er 10.000 dødvekttonn, og det er plass til eit mannskap på opptil 240 personar. Dekksarealet er 2.000 m2.