Etter det Sunnmørsposten har grunn til å tru er også lensmann Kenneth Huse i Sula med i dette møtet.

Vakthald

Operasjonsleiar John Bratland i Sunnmøre politidistrikt seier til Sunnmørsposten at ein politipatrulje natt til måndag var innom Vågstunet, som består av omsorgsbustader for eldre.

– Der var patruljeringar i natt. Vi har ikkje noko spesielt vakthald der akkurat no, seier Bratland tidleg måndag føremiddag.

Sende SMS

Søndag sende Sula kommune ut sms til alle innbyggjarane i området ved Vågstunet, for om muleg få inn tips i overfallssaka.

Av særleg interesse for politiet er observasjonar av personer, bilar mv.

Politiet oppfordrar publikum som bor i nærområdet om å notere ned eigne bevegelsar denne natta og morgonen, og andre observasjonar som ein trur kan vere av interesse for politiet.

– Blir det aktuelt med meir vakthald ved Vågstunet i tida framover?

– Det skal vi koordinere saman med etterforskinga. Det er i planleggingsfasen, seier vakthavande operasjonsleiar John Bratland.