På slutten av 1700-talet gjekk posten mellom Bergen og Trondheim via Hellesylt langs fjorden til Ljøen og over fjellet og ned Strandadalen. Denne postvegen  som vart oppretta allereie i 1674 og går over Ljøfjellet og ned i Herdalen er kjend som Ljøbrekka, den mest populære turvegen i Stranda kommune.

– Det siste som vart gjort her var i 1863, og det er jo nokre år sidan. Vi har gått her i mange år og sett eit stadig større forfall. Det er synd, og vi vil sørgje for at den viktige vegen vert teken vare på, fortel Petter Hjørungdal.

Tidleg i 2014 starta han og fire andre foreininga «Ljøbrekkas vener», ei velforeining som står i spissen for opprustinga av den vel seks kilometer lange turvegen. Murane har byrja å dette ut, og grunna dårlege grøfter renn vatnet ut på vegen og bidreg til forfall.

Utfordrar

I januar starta velforeininga kronerulling via Facebook. Måten dei gjer det på, er at «utfordrarar» vel tre som han eller ho utfordrar til å betale 300 kr. Kvar av desse skal utfordre tre nye, og slik rullar ballen.

– Vi har no litt under 300.000 kroner i restsum. Håpet er å nå 200 før vi frir til kommune og fylke, fortel Hjørungdal.

Innan utgangen av februar må dei ha finansieringsplanen klar for å få svar på søknad om tilskot frå spelemiddel. Dersom alt går etter planen, kan sherpaer og maskiner setje i gong når snøen forsvinn i juli.

– Totalt seier kalkyla at prosjektet kjem på 10–12 millionar kroner. Av desse treng vi minst seks millionar frå private, bedrifter og andre søkjefond enn spelemiddel. Det er mykje pengar, men vi trur og håper det er realistisk, seier Hjørungdal, som håper dei slepp å låne opp siste del til årets prosjekt.

Del ein

Hausten 2014 vart første del av postvegen ferdigstilt. Då ordna dei strekket frå parkeringsplassen i Herdalen til foten av Brekka på Stranda-sida, dette er ferdig finansiert og betalt.

– Vi har fått lovnad om seks delprosjekt som vi får tippemiddelstøtte til, 4,5 millionar viss vi er heldige. No konsentrerer vi oss først og fremst om årets prosjekt, seier Hjørungdal.

Målet er å gjere ferdig stykket frå fylkesvegen ved utsiktsplassen på Ljøen til Spønhaugen, der dei storslegne gråsteinsmurane er. Det krev økonomiske og kompetansemessige ressursar.

Familie gav 150.000

– Lokale bankar og bedrifter har vore flinke til å bidra, og vi fekk 150.00 frå ein familie. Det er fantastisk, fortel Hjørungdal.

For nokre veker sidan ringde nemleg Halvor Utgård og fortalde at dei hadde drøfta i familien og bestemt seg for å gje noko tilbake til turområdet dei har brukt hyppig i tre tiår medan dei budde på Stranda.

– Vi er glade i å gå tur, og vi set pris på friområdet der inne. I tillegg dreg det med seg viktig historie med den gamle postvegen, noko som er viktig å ta vare på, synest Utgård.

Familien nyttar området fleire gongar i året, og la tydeleg merke til forfallet då dei var der i fjor sommar.

– Særleg på Stranda-sida, der vi er mest kjend, er det tydeleg at det må gjerast noko. No gler vi oss til å følgje med og kome innover og gå til topps til våren, seier Utgård.

Takka vere kronerullinga ser det no ut til å gå vegen, bokstaveleg talt. Den totale kalkyla for årets delprosjekt er på 2,75 millionar kroner, sherpa og maskinentreprenør inkludert.

Velforeininga får om lag ein million i spelemiddel frå Norsk Tipping, og sidan det er eit kommunalt prosjekt, vert meirverdiavgifta refundert.

Postvegen mellom Bergen og Trondheim. Foto: Stranda kommune