- Situasjonen er alvorleg. Rimeleg mange bilar står att, og vi har bede administrasjonen sjå på kva strakstiltak som kan gjennomførast for å løyse situasjonen, seier leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne (Sp) til Sunnmørsposten.

Samferdelsutvalet stengde dørene då dei drøfta det dei kallar «den raude saka» i utvalet i går. Grunngjevinga var at ein av konkurransemessige omsyn ikkje kunne lekke opplysningar.

- Kva for tiltak ønsker de å gjennomføre?

- Vi har bede administrasjonen om å sjå på ulike løysingar, men detaljar på dette kan eg ikkje gje no, seier Vatne.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedtatt at det skal setjast inn ei tredje ferje, men dette kan ta tid. Det er dårleg med ferjemateriell, og det må gjerast nye avtalar. Vatne seier at ein i første omgang vil forhandle med Tide, som i dag har ansvaret for drifta i sambandet.

- Dersom ikkje det fører fram, kan det bli aktuelt å lyse ut ei tredje ferje på anbod. Da kan det ta lang tid, seier Vatne.