– Denne tidlegare landhandelen inne i sjøbuene skal no pussast opp, fortalde Runar Myklebust mot slutten av juni for 25 år sia.
Eit liknande fotografi som dette var plassert under tittelen «Bergar sjøhus i siste liten». Og det var nett det dei gjorde, brørne Runar og Kjetil Myklebust. Gjekk i sving med å gjere om dei to gamle Eivindson-buene på Finnøya til overnattings- og spisestad.
For noen tiår siden: Fakse-Pe, den snille mannen
Dette var altså opptakta til det vi i dag kjenner som Finnøy Havstuer. Ikkje veit vi kva slags tidsrekning dei opererer med. Vi veit berre at det må nærme seg eit 25-årsjubileum neste år eller så.
Kjekk norsk ungdom til teneste i Tysklandsbrigaden
– Eg har alltid vore interessert i reiseliv. Samstundes dreiv eg tidlegare gatekjøkken i Ålesund. Det har eg selt, medan eg framleis driv eit slikt kjøkken på Steinshamn, fortalde Runar Myklebust i 1991.
– Her i kommunen har det ikkje vore satsa nok på reiseliv, la han til. Dei har badeland òg på Finnøya. «Slikt no hakke vi i byn»...
For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten