Meldinga om at Rolls-Royce-konsernet har bestemt seg for å utvide ved propellfabrikken i Ulsteinvik, kjem fram i ein invitasjon til presseorientering fredag ettermiddag.

- Vi kan ikkje seie meir no, sa kommunikasjonsdirektør Anette B. Wollebæk til smp.no torsdag. - Utvidinga skal starte no, var det einaste ho ville legge til.

Oppdatering fredag: Slik utvidar Rolls-Royce i Ulsteinvik

Får meir informasjon fredag

Lokale media er invitert til ei orientering fredag. Der vil det bli delt informasjon om kva investeringer og endringer som no blir sett i gang i Ulsteinvik.

Det vil også bli sagt noko om kva marknadsvurderingar som ligg bak satsinga.

Fleire hundre mister jobbane

Rolls-Royce Marine er hardt råka av nedgangen i oljenæringa, og fleire hundre tilsette er sagt opp frå jobbane sine.

Første meldinga i mai gjekk ut på at 300 ville bli oppsagt på Sunnmøre. Truleg vil så mange som 600 måtte gå frå jobbar i Rolls-Royce her i landet.

Konsernet har også bestemt seg for å leggje ned ei heil avdeling i Hjørungavåg.

Venta fleire oppdrag

I 2010 kunngjorde konsernet at dei skulle satse på bygging av blant anna ny verkstadhall i Ulsteinvik.

I fjor sommar opna Rolls-Royce eit nytt maritimt servicesenter i Bergen - nummer 37 i rekkja av slike senter som offshoreleverandøren har på verdsbasis.

Smp.no skreiv då at Rolls-Royce i dag har servicesenter i Ulsteinvik, og nokre av skipa som før kom hit - var venta å velje Bergen i framtida.

Men kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk var den gong ikkje redd for at avdelinga på Sunnmøre skal få for lite å gjere.

– Vi meiner dette blir eit supplement. Det blir utført mange jobbar i Ulsteinvik i dag, og mykje av det går på propellar. Vi trur det nye senteret i Bergen snarare vil auke den totale mengda oppdrag for Rolls-Royce, enn at oppdragsmengda vil gå ned på Sunnmøre, sa Wollebæk til smp.no i fjor sommar.