Dette sa overlege Rune Heggedal ved Volda sjukehus til Smp.no rett etter at fakkelopptoget og mange opprop var avslutta tysdag kveld.

- Ein kan mein mykje om helsetenester og faglege ting  om sjukehus. Men å oversjå dette enorme engasjementet frå folk frå heile søre Sunnmøre og store deler av nordre Nordfjord bør vere bortimot umuleg å oversjå for myndigheitene, insisterer Heggedal.

- Enorm oppleving

Han får full støtte av overlegekollega Inge Eskeland ved medisinsk avdeling.

- Eg var sjølv med i opptoget med fakkel. Å stå her og oppleve denne massive støtta for sjukehuset her er ei enorm oppleving. Dette syner at folket ikkje let seg lure eller overkøyre av nokon myndigheit eller minister. Dette må vere å seie skikkeleg klart ifrå, meiner Ekskeland.

Kanskje 6.000 personar

Korkje han eller anestesikollega Rune Heggedal vågar seg frampå med anslag på kor mange som møtte opp framfor Volda sjukehus tysdag kveld. Eit folkehav var det, på fleire kantar av sjuhuset, og talet ti tusen kom raskt opp.

Gjør som fleire enn 23.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Dette er likevel ikkje  verifisert. Eit mindre kvalifisert snitt anonyme tipsarar gjer likevel at Smp. no landar på ein stad kring seks tusen personar.

Rune Heggedal t.v og Inge Eskeland er begge overlegar ved Volda sjukehus, og begge møtte med faklar tysdag kveld. Foto: Knut Arne Aarset