Leiar i Soknerådet Jon Axel Ø. Solhaug i Geiranger fortvilar etter at nokon har brote opp ei pengebøsse i Geiranger kyrkje.

- Vi samlar inn pengar til nytt kyrkjeorgel og har difor satt opp ei kollektbøsse i våpenhuset i kyrkja. Her kan folk gje gåver til nytt orgel, fortel Solhaug.

Men måndag oppdaga kyrkjetenaren at bøssa var brote opp og tømd.

- Vi har ofte kyrkjekonsertar på dagtid då kyrkja er open, og mange tek turen innom. Måndag kveld oppdaga vi at nokon har brote opp bøssa og tatt pengar, fortvilar han.

Soknerådet melde saka til politiet som har gjort undersøkingar på staden.

- Det er trist at nokon kan gjere noko slikt. Her er mykje folk innom kyrkja no i turistsesongen og vi hadde von om at ei innsamling skulle gje oss nytt orgel. Ikkje at nokon skulle stele pengar frå ei kyrkje, seier han.

Om nokon har tips i saka kan dei kontakte soknerådet eller politiet.