Trålaren var forseinka frå verftet og har dårleg tid til å ta årets kvote. Men no har den avbrote fisket, og gått inn til Tromsø.

– Vi har fått problem med giret. Vi trur det er ein skrue som har losna på toppen av giret. Men det er ikkje så alvorleg som det kunne blitt, og vi håper å gå ut att måndag, seier Atle Vartdal som er prosjektsjef for rederiet.

Planen var uansett å gå i land for å levere søndag.

– Vi har sendt nokre av mannskapet heim, men det retrurnerer over helga, seier Vartdal.

Han seier at det ikkje er uventa at det blir startvansker av denne typen.

– Alt i alt har det gått betre enn frykta. Dette er ein båt med ein avansert fabrikk, og mange kompliserte system.

– Har de fått fisk?

– Ja, vi har hatt opp i 37 tonn rundvekt for dag, seier Atle Vartdal.