Den 12 minutt lange kortfilmen er spelt inn på Kvitneset i Hareid, og handlar om kor brutalt det er med krig.

– Vi er ein gjeng som har eit sterkt ønskje om å skape noko provokativt, intenst og brutalt  som verkelig presenterer kva slags vanvittige ting menneske kan gjere mot kvarandre i krig, seier Simon Gjerde Tonev.

Bodskap

– Kortfilmen ønskjer å formidle ein bodskap om at menneske er menneske uansett kvar dei kjem frå og at hat ikkje kan nedkjempast med meir hat og hemn, men med kjærleik og tilgjeving, seier den unge filmregissøren.

Kortfilmen er lagt ut på You Tube og passerte raskt 5.000 sjåarar.

Her kan du sjå filmen (ekstern lenke)

Effektfullt

Filmmusikken er spesialkomponert og det er lagt ned mykje arbeid i sminke og effektar.

Regissør: Simon Gjerde Tonev er både regissør og produsent. Foto: Privat

– Vi er 26 svoltne og ambisiøse personar mellom 16 og 24 år som er involvert i prosjektet. Vi er på ingen måte profesjonelle, og produksjonen er finansiert frå produsenten si eiga lomme, seier Simon Gjerde Tonev. Som både er produsent og regissør på filmen.

Dugnad

– Det har vort ein utruleg spennande prosess å samle saman mykje folk og produsere ein kortfilm der drivkrafta for alle baserer seg på at vi skal skape noko kreativt saman, og fortelle ei historie, seier Simon Gjerde Tonev.