Færre droppar ut av vidaregåande

Fråværet går ned, og gjennomføringsprosenten går opp i dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal.

Etterslep: Ålesund videregående skole avdeling Voldsdalsberga  

New Articles

Det viser nye tal som vert lagt fram for politikarane i fylkeskommunen måndag. Tala viser at både studieførebuande og yrkesfaglege program har auka gjennomføring sist skuleår, heiter det på heimesidene til Møre og Romsdal fylkeskommune.

85,9 prosent av elevane gjennomførte i skuleåret 2016/2017. Året før var det 82,6 prosent som fullførte. Møre og Romsdal har høgare gjennomføring enn landsgjennomsnittet, heiter det vidare. Vidare har totalfråværet gått ned med 5,2 prosentpoeng frå 9,6 til 4,4 frå 2015/2016 til 2016/2017.

- Dette resultatet viser oss mellom anna at det blir gjort mykje godt arbeid med tilpassa opplæring ute i skulane, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.