Klokka 15.22 meldte Sogn og Fjordane politidistrikt at eit køyretøy hadde køyrt i grøfta på riksveg 15 på Hjelle. Ein person skulle vere skadd. Helse, brann og politi rykka ut til staden.

Legevakt

- Førar er frakta til legevakt for sjekk, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 16.15.

Ifølgje Solvåg klaga personen over smerter etter at bilen endte i grøfta. Det var ingen andre i bilen då uhellet skjedde.

- Det er truleg ikkje snakk om store skadar, men det kan vere greit med en sjekk, seier Solvåg.