- Kritikken frå kunnskapsministeren mot små høgskular er heldigvis ikkje kunnskapsbasert, meiner seniorrådgjevar Johann Roppen, som 1. august blir rektor ved Høgskulen i Volda.

I eit lesarinnlegg kjem Roppen med skarp kritikk av det kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad har gitt uttrykk for i fleire aviser siste dagane.

Les heile lesarinnlegget her

Travelt tvangsgifte

Roppen har merka seg at kunnskapsministeren har det travelt med å slå saman høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og i resten av landet. Grunngivinga er at det blir forska for lite, høgskulane vinn ikkje nok i konkurransen om forskingspengar, og det er for få studentar og kompetente forskarar til at utdanningane blir gode nok.

No lurer Roppen på om ministeren vil legge ned alle høgskulane, men han meiner det er sterke, kunnskapsbaserte argument som taler mot tvangsgifte av høgskular.

- Ministeren og hans statssekretær plukkar usystematisk fram data som støttar det dei har meint heile tida: Høgskulane bør bli større. Uansett korleis det eigentleg står til med kvaliteten, skriv Roppen.

Best på gjennomføring

Sjølv har Roppen funne fram argument som støttar dei små høgskulane, og han undrar seg over at ministeren ikkje ser desse argumenta: Volda er best i landet på gjennomføring av bachelorutdanning. Høgskolen i Ålesund er svært god på samarbeid med det maritime næringslivet i regionen. Høgskolen i Molde har fått godkjent to doktorgradsutdanningar. Høgskulen i Sogndal har svært nøgde studentar.

- Har ikkje det noko å bety? Tilsynelatande legg ikkje kunnskapsministeren særleg vekt på slike kriterium, skriv Roppen.

Han er særleg uroa over følgjene for rekruttering til lærarjobbar i distriktet, om det ikkje blir gitt lærarutdanning i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Kvalitet

Roppen viser også til Nasjonalt Organ for kvalitet i utdanning - NOKUT, som skal overvake kvaliteten i høgare utdanning. Dette er kunnskapsdepartementet sitt eige organ.

- Veit kunnskapsdepatementet betre enn NOKUT korleis det står til med kvaliteten i høgare utdanning, undrar Roppen og viser til at NOKUT-direktør Terje Mørland som tvert imot har sagt at det ikkje er nokon automatikk i at små høgskular held dårlegare kvalitet enn store høgskular.

Pengar

Roppen meiner høgskulane bør få halde fram som i dag, men gjerne med tettare samarbeid der det kan gi betre fagleg kvalitet.

Og han etterlyser større løyvingar. Høgskulen i Volda er ifølgje Roppen blant høgskulane i landet med lågast budsjett i høve til talet på studentar. Likevel utdannar skulen flinke studentar og har høg forskingsproduksjon.

Den påtroppande rektoren fryktar prosessen med eventuell samanslåing i to fylke med fire-fem studiestader spreidd over store avstandar.

- Diverre har Isaksen berre småpengar å bidra med for å dekkje meirkostnadene som følgjer av ein fusjon, anten det no blir to, tre eller fire høgskular som til slutt skal til pers. Det blir dermed mindre ressursar til forsking og utvikling - og sannsynlegvis også dårlegare kvalitet, meiner Roppen.