I løpet av ein time laurdag føremiddag stoppa ei politipatrulje 114 bilar i Dimnakrysset i Ulstein kommune. Formålet var trafikkontroll for å sjå om førarane hadde ting på stell.

Det hadde dei: Fem av dei innhuka fekk munnlege pålegg for mindre mangler, resten kunne køyre vidare i ro og mak.

Typiske forhold som ville gitt skriftleg forelegg er mobilbruk, manglande lys og ikkje bruk av bilbelte.