Riksantikvaren vil ikkje verne radiostasjonen. Eigaren Norkring har søkt om riving.

- Galskap å rive, seier TuridRøsvik, som hadde arbeidsplassen sin på Vigra kringkastar i nokreår etter at radiostasjonen vart reist i 1948.

Mindre fortvila erikkje Jon Hildre, som var tilsett i Telenor og hadde ansvar forsendarar og utstyr på radiostasjonen. Han er med i venneforeiningasom vil ha statleg hjelp til å byggje opp eit radiomuseum.

- Vigrakringkastar har hatt mykje å seie både lokalt og nasjonalt. Deneine storsendaren som framleis står her, er den siste som erbevart. Alle dei andre i heile landet er skrota, fortel Hildre.

Størst og sterkast

Sendarane på Kløfta, i Stavanger og på Vigra var dei største ogsterkaste i landet.

- Dette var den einaste storsendaren som nåddeheilt til Svalbard, Island og Skottland, og dekka heile dette storehavområdet. Utstyret står som det gjorde då kringkastaren vartteken ned i 2011, fortel Hildre.

Etter at riksantikvaren sa nei tilå frede Vigra kringkastar, har Venstre kasta seg inn i museumssaka.Fredag var stortingsmann Pål Farstad på synfaring, på oppmoding fråBritt Giske Andersen i Giske Venstre, som også er hans vara påStortinget.

Farstad fekk omvising og ei grundig innføring. Han ergammal organisasjonsmann og veit kva som skal til, utanom pengar.Han meiner at først må Giske kommune inn i saka, deretter fylket.Sjølv vil han gjere sitt i Venstre på Stortinget.

- Reine juvelen

Giske Andersenarbeider i reiselivet og peikar på kor vakkert bygningane ligg tili sjøkanten på Synes.

- Reine juvelen. Vi har til og medkveldssola. Vi må reagere no, før vi misser alt, for då er det forseint, seier ho.

Lokalpolitikar Odd Egil Valderhaug opplyser atGiske formannskap før jul skulle ta stilling til ein søknad om årive bygningane. Politikarane vedtok å vente til svaret fråriksantikvaren kom. Det var negativt og dermed heng både museet ogbygningane i ein tynn tråd.

Norkring eig den nedlagderadiostasjonen, som står på privat grunn. Norkring vil gje bortstasjonen gratis, med tillegg av 1,5 millionar kroner på eitrivingsfond.

Turid Røsvik er heilt imot riving. Ho meiner mykje kangjerast berre for dei pengane som er avsette til riving.

- Historiasit i veggane. Dette må verte museum. Det er rein galskap å rive,seier ho.

Fiskeri, krig og radio

Venneforeininga vil no prøve å få til samarbeid om til dømeseit felles museum for fiskeri, krigshistorie og kringkastaren,gjerne under paraplyen til Sunnmøre museum.

- Venneforeininga har ifleire år arbeidd for radiomuseum. Det er likevel slik atVigra-kringkastaren spela ei viktig rolle under krigen, i eitområde av landet med stor og markert motstandsrørsle, seier Hildre.

Krigen sette sine merke også på Vigra-kringkastaren. I ein avbygningane står ein sendar med to kulehol.

Sjeldne godbitar

Bygningane har tohyblar, kontor, vekstad, mange rom for radioutstyr og sendarar, både gammaltog nytt, og i tillegg utstyr som er skaffa til vegar frå andre. Påloftet er det sjeldne radiorøyr som dagens generasjonar knapt harhøyrt om.

- For oss er dette lokalhistorie som vi vaks opp med oghar eit forhold til. I desse mobiltelefontider vil vi gjerne synedenne historia til generasjonane som kjem etter oss. Dette er eitlokalt men like mykje eit nasjonalt samfunnsansvar, seier GiskeAndersen.