- Vi får ikkje valkampstøtte og er blakke, så dette er ein rein dugnad, seier John John Bruseth, Miljøpartiet Dei Grøne sin toppkandidat i Møre og Romsdal.

Sjølv om dei er nykomarar i lokal- og fylkespolitikken er sjølvtilliten på plass.

- Vi har skikkeleg medvind, seier Bruseth.

- Så du reknar med å kome inn i fylkestinget?

- Det gjer eg heilt sikkert. Viss ikkje så flyttar eg tilbake til Zanzibar og byrjar med kaniner igjen.

Turné

Tysdag og onsdag har Bruseth vore på valkampturné i Ørsta og Volda, to av ni kommunar i Møre og Romsdal der Dei Grøne stiller liste.

På programmet  stod mellom anna omvising på oppdrettsanlegg på Vartdal, grøn industrisatsing i Ørsta og småkraftverk på Folkestad. Dessutan er det meir utradisjonelle innslag i valkampturneen.

- Eg byr på musikalsk standupshow med mykje humor og song, men også grøn politikk, seier John John, som er kjend som musikar og klovn.

Jungeltendensar

I Volda var det mellom anna fokus på artsmangfald. Helge Standal, som er nummer to på Dei Grøne si liste i Volda, var opptatt av å vise fram korleis uønske planter skaper reine jungeltendensar langs vegar og i offentlege rom.

- Desse plantene øydeleggjer artsmangfaldet, og truar både dyr og planter som høyrer heime her. Vi må gå saman for å få det fjerna, og kommunen bør gå i spissen, seier Helge Standal.

Biogass

Bjørn Helset, som er førstekandidat i Ørsta, har biogass som ei av sine merkesaker.

- I motsetnad til el-kraft og naturgass fører biogass til nullutslepp. Vi treng eit fullskala biogassanlegg på Sunnmøre. Dei lokale selskapa som tar imot avfall bør gå saman om eit slikt prosjekt, men diverre har det vore lite vilje til samarbeid, seier Helset.