Nordfjordeid sentrum er så unikt at det vert tatt inn på den nasjonale lista over bevaringsverdige by- og tettstadsmiljø.

I dag var riksantikvaren på plass i Nordfjordeid sentrum, for å markere at tre delområde i sentrum vert tatt inn på den nasjonale lista.

Kvalitet

- Vi har over tid analysert Nordfjordeid, og ser at det har betyding for nasjonal historie. Det er ikkje så mange stadar som har det. Statoil, Rimi og NAV-kontoret pregar mange av våre tettstadar i Norge. De har derimot noko som viser tettstaden sin kvalitet, påpeikte Holme.

Riksantikvaren vart teke med på historisk byvandring, der den særeigne husa i Eidsgata og Tverrgata, gravhaugane på Myklebust og eksersisplassen på Malakoff vart vist fram.

Militærområde

- Eg visste ikkje om denne gamle militærplassen før for eit år sidan, sjølv om eg er ein tidlegare general. Dette militærområdet er sjeldan, nærmast unikt. Vi har få spor av hæren i Norge. Det er ein utruleg spennande bit av den militære historia. Her står telthus, lagerhus og vaskeplass intakt, som fortel om hæren frå 1600-talet. Vi har det ikkje elles, men her er det, seier Holme.

- Dette er ein spesiell og historisk dag for Eid, fastslår ordførar Alfred Bjørlo, her saman med riksantikvar Jørn Holme, som fekk overrekt bøker om Eid kyrkje og Malakoff Rockfestival. Foto: Ingebjørn Nilsen Stokkenes
Den gamle eksersisplassen har røtene sine tilbake til 1600-talet, og ein finn ikkje maken i Norge. I dag er den kjent som plassen for Malakoff Rockfestival, der gammal og ny historie vert fletta saman. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes