Lyrikar Ruth Lillegraven frå Hardanger skal vere festspeldiktar når Dei nynorske festspela vert arrangert for 25. gong i juni 2016.

Stolt og glad festspeldiktar

– Eg er stolt og glad over at eg skal få vere festspeldiktar. Det er ikkje så mange festivalar som har slike «verv», det gjer det jo endå meir stas. Dessutan er eg i flott selskap – det er mange eminente folk på lista før meg, seier Lillegraven i ei pressemelding.

Lillegraven er kjend for vakre og attkjennande bilete i eit enkelt, men verknadsfullt språk. Lyrikaren debuterte i 2005 med «Store stygge dikt». Ho har også gitt ut romanen «Mellom oss», og diktsamlingane «Urd» og «Manilahallen». Lillegraven har fått pris frå Alfred Anderssons-Rysst fond, og fått Brageprisen og Bokbloggarprisen. Ho har omsett dikt, skrive barnebøker og samarbeidd med ulike musikarar og kunstnarar.

Levande og aktuell sjanger

– Med Lillegraven som festspeldiktar får vi eit godt høve til å løfte fram lyrikken som ein levande og aktuell sjanger, seier programansvarleg for Dei nynorske festspela, Åshild Widerøe.

Tidlegare festspeldiktarar er m.a. Gunhild Øyehaug, Agnes Ravatn, Arne Moslåtten, Bjørn Sortland, Edvard Hoem, Frode Grytten, Marie Takvam og Jon Fosse.