«Pass på dyra, ikkje jakte. La dei leve, slutt å slakte».

Med songen «Savanna» imponerte klasse 9A juryen i Brattvåg med kreativitet, god vokal, dans og sceneshow, og går no vidare til ein superfinale i april, der også dei beste bidraga frå andre ungdomsskuler i distriktet skal vere med.

Dobbeldate

Kreativitet viste også dei andre klassane som var med, med svært ulike tema:

Klasse 8A gjekk på «Dobbeldate» i Brattvåg, med vekslande hell.

8B reiste til «Godteland» i sin song.

8C oppfordra til å «Trene hardt».

Mangfald

Elevane i klasse 9B sang om seg sjølve og hylla mangfaldet og dei ulike talenta i klassen.

9C kom med ei klar åtvaring til dei som prøver å stjele, til dømes ein Guccibag, med songen «Pass dej».

Klasse 10A presenterte eventyret «Narnia».

10B hylla «Kvardagsheltar» i ambulansetjenesten, politi og brannvesen.