– Ved Haramsøy skule har vi aldersblanda grupper under Grand Prix. Det er positivt for skulemiljøet at elevane blir godt kjent på tvers av klassetrinna, seier rektor Kenneth Ulla.

Til saman 54 elevar frå 8., 9. og 10. klasse stod bak dei ni innslaga på scenen, med nye tekstar og eigen koreografi.

Disney-inspirert

I år var alle melodiane henta frå Disneys filmunivers, alt frå Frost-songen til Lion King, Tarzan og Hannah Montana.

Vinnargruppa «Bussenussane» framførte eit rocka nummer til låta «Cruisin' for a Bruisin'» frå filmen «Teen Beach Movie».

Nummer to ved Haramsøy skule vart gruppa «Svelegrep» som også vann for beste sceneshow. Begge gruppene går vidare til superfinalen i Ålesund 28. april

Verdifullt

– Hos oss er Grand Prix fullstendig elevstyrt, inkludert lyd og lys. I gruppene får dei eldste vere gode forbilde for dei yngre, og dei eldste har litt ekstra ansvar for at gruppene skal fungere godt, seier Ulla.

– Dette er eit arrangement som både elevar, lærarar og foreldre ser fram til. Elevane gir av seg sjølve. Det er alltid verdifullt, seier han.